Arrangøren forteller:

Dei nynorske festspela er årleg feiring av nynorsk skriftkultur i Ørsta og Volda siste veka i juni. Festspela er ein sjangeroverskridande festival med både musikk, litteratur, foredrag, samtalar og kunst, med arrangement for vaksne, ungdom og barn. Hovudarenaen er Ivar Aasen-tunet, men det skjer mykje både i Ørsta og Volda sentrum under festivaldagane. Aasen-tunet har eigen butikk med stort utval i eigenproduserte varer, bøker og CD-ar. Alle utstillingane er gratis under Festspela.

Arrangør: Ivar Aasen-tunet.

Aldersgrense: Ingen. Billetter: Festivalpass 1350 kr. (Dei som kjøper festspelpass må også reservere plass til arrangement med avgrensa publikumsplass) Familiebillett gjeld for inntil to foreldre og alle barn under 16 år. Kulturrabatt for ungdom, barn og honnør og familie på utvalde arrangement. For barna: «På bærtur med Nøtteliten», familiekonsert med Prøysenhusbandet. «Festspelbøker for born», gratis familiearrangement på Ørsta folkebibliotek, i samarbeid med tre forlag. «Lurivar presenterer Grunnlova», Tunkatten Lurivar si eiga spesiallaga framsyning til dei yngste. Barneprisar på ulike arrangement, til dømes konserten med Aasmund og Odd Nordstoga. For funksjonshemmede: Bra tilgjenge for funksjonshemma. Forventa publikum: 6000

Mer informasjon finner du på festivalen sin nettside