Arrangøren forteller:

Dette er ein festival med fokus på å skape aktivitetar og natur- og kulturopplevingar der folk kan delta på sine eigne premiss, anten dei søkjer det ekstreme eller det lett tilgjengelege. Vi har eit variert program med tilbod til alle. Mange aktivitetar er retta mot familiar og born. Her er lågterskeltilbod der naturglede står i fokus. Men vi har også tilbod til tinderanglarar og andre som utfordrar grensene sine på ulike måtar. Vi legg også stor vekt på kombinasjonen av kultur- og naturopplevingar. Vi skal ha ein del konsertar under namnet "Sommarljom". Her er det for det meste lokale musikarar er med. Ørsta småbåtlag arrangerer bryggedans i laurdagskvelden 2. august etter motbakkeløpet Saudehornet rett opp.

Arrangør: Ørsta Reiselivslag i samarbeid med lokale lag, organisasjonar, næringsdrivande og einskildpersonar..

Aldersgrense: Mange av aktivitetane passar for alle, men på t.d. krevjande fjellturar kan vi ikkje ha med dei minste. Billetter: Ikkje fastsett. For barna: Vi har mange fine familieturar, temabaserte aktivitetar med utgangspunkt i naturen, sykkelritt, akrobatikk-kurs og motbakkeløp for born under 10 år. For funksjonshemmede: Nokre av arrangementa skal vere lett tilgjengelege også for rørslehamma. Forventa publikum: 5000 Transporttilbud: Kan vere aktuelt i samband med overgangsturar.

Mer informasjon finner du på festivalen sin nettside